Poem of the day

Ved Rundarne
by Aasmund Olafsson Vinje (1818-1870)

No ser eg atter slike fjöll og dalar,
Som deim eg i min fyrste Ungdom saag;
Og sama vind den heite panna svalar,
Og gullet ligg paa snjo, som fyrr det laag,
Det er eit barnemaal, som til meg talar,
Og gjer’ meg tankefull, men endaa fjaag.
Med ungdomsminne er den Tala blandad:
Det strøymer paa meg, so eg knapt kann anda.

Ja, livet strøymer paa meg, som det strøymde,
Naar under snjo eg saag det grøne straa.
Eg drøymer no, som fyrr eg altid drøymde,
Naar slike fjöll eg saag i lufti blaa.
Eg gløymer dagsens strid, som fyrr eg gløymde,
Naar eg mot kveld av sol eit glimt fekk sjaa.
Eg finner vel eit hus, som vil meg hysa,
Naar soli heim til notti vil meg lysa.

Alt er som fyrr, men det er meir forklaarat,
So dagsens ljos meg synest meire bjart;
Og det, som beit og skar meg, so det saarad’,
Det gjerer sjølve skuggen mindre svart:
Sjølv det, som til at synda tidt meg daarad,
Sjølv det gjer’ harde fjøllet mindre hardt:
Forsonad’ koma atter gamle tankar:
Det sama hjarta er, som eldre bankar.

Og kver ein stein eg som ein kjenning finner,
For slik var den, eg flaug ikring som gut.
Som det var kjempur, spyrr eg, kven som vinner
Av den og denne andre haage nut.
Alt minner meg; det minner, og det minner,
Til soli burt i snjoen sloknar ut.
Og inn i siste Svevn meg eingong huggar
Dei gamle minne og dei gamle skuggar.

Leave a Reply

Your email address will not be published.